Now hiring

Psykiater @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-timePosted 6 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vi lyser ut ei ledig fast psykiaterstilling og søker ein engasjert medarbeidar som vil bidra til å vidareutvikle tilbodet vårt ved DPS poliklinikk for psykisk helsevern i Ålesund!Poliklinikken består av sju behandlarteam. Eit gruppebehandlingsteam, eit ROP team og fire til dels spissa allmennteam. Vi har også eit nyoppretta Tidleg Avklaringsteam som møter pasientar tidleg etter henvisning og tilbyr fleksibel oppfølging i etterkant. Allmennteama våre består av to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Vi har stor bredde innan behandlingstilnærmingar. I haust starta vi prosessen med å utvide tilbodet vårt med B4DT (fire dagers behandling for angstlidingar). Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, har dei siste ni månadane prøvd ut Kunstig Intelligens til hjelp i journalskriving. Med gode erfaringar. Vi har 15 spesialistar innan psykologi og psykiatri, der 6 er spesialistar i psykiatri. VI har i tillegg to LIS legar i rotasjon i poliklinikken. Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar.Stillinga er i eit allmennteam.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Psykiater at Helse Møre og Romsdal HF | ResuMinder Jobs