Now hiring

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester - 100% fast stilling @ Stryn Kommune

StrynOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra. Som einingsleiar i Miljø og velferd vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene gjennom nye arbeidsmåtar, god fagutvikling og målretta endringsarbeid. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov for kommunale tenester, noko som gjer at nytenking, omstilling og berekraftige løysingar står sentralt i stillinga. Samstundes er det viktig å ta vare på det som fungerer godt i dag. Om eininga Miljø- og velferdstenester består i dag av: Teneste for rus og psykisk helseTeneste for menneske med funksjonsnedsettingAvlastningsbustad for barnArbeidssenterKoordinerande eining Tenestene arbeider tett saman for å leggje til rette for meistring, deltaking og god livskvalitet for brukarane. Som einingsleiar vil du ha overordna personal- og budsjettansvar, samt hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll i eininga. Du har òg det overordna faglege ansvaret for tenestene. Du vil vere ein del av kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kommunen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores