Now hiring

Lege i spesialisering innan psykiatri @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 1 års vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri ved Akuttpsykiatri SNR. Oppstart 01.09.26 eller etter nærare avtale. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS-legar gir tilbakemeldingar om eit hyggeleg og godt arbeidsmiljø, og høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane, slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga. Akuttpsykiatri SNR har 10 senger og ligg i det nye bygget til sjukehuspsykiatrien, ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR) på Hjelset i Molde.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores