Now hiring

Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi @ Helse Møre og Romsdal HF

KristiansundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere ein del av teamet vårt? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt ingeniør/teknikar til Seksjon for Medisinsk teknologi i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dette er ei spanande stilling der du får jobbe med vedlikehald/service og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr av ulike typar og teknologi.Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på SNR Hjelset og SNR Kristiansund med tilhøyrande institusjonar. SNR Kristiansund har eit breitt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Det ligg planar for ombygging og tilpasning, noko vi på medisinsk-teknisk er sterkt involvert i. SNR Hjelset er eit nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Du vil arbeide i sjukehus med mykje nytt utstyr og mange nye og spanande løysingar.Stillinga dekker heile forvaltningsområdet, og oppmøtestad kan variere etter avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores