About this role
Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule for skuleåret 2025/2026 og 2026/27. Gjeld både timar og deltid. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!