Now hiring

Operasjonssjukepleiar i Odda – liten avdeling, stor rolle og Hardanger etter vakt @ Helse Fonna HF

OddaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ein jobb der du blir ein viktig del av laget – og ein kvardag med meir ro, natur og korte avstandar?Du som er operasjonssjukepleiar, veit kor mykje godt teamarbeid betyr. Du veit kor viktig det er å ha oversikt, vere presis og halde roen når situasjonen krev det. No ser vi etter deg som vil bruke kompetansen din i ei lita avdeling der du blir sett, inkludert og viktig frå første dag.Vi veit at den rette operasjonssjukepleiaren kanskje ikkje bur i Odda i dag. Kanskje vurderer du å flytte, skifte tempo eller finne ein arbeidsplass der du blir godt kjent med både kollegaer, fag og pasientforløp.Hos oss blir du del av eit lite og tett fagmiljø der operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar jobbar mykje saman. Du blir ein sentral del av operasjonsteamet, med varierte dagar, planlagde inngrep, akutte situasjonar og tett samarbeid med kirurgar og andre faggrupper.Her er teamet lite nok til at du blir sett – og viktig nok til at kompetansen din betyr mykje.Odda er ikkje storbyen for deg som treng storbypuls kvar dag. Men for deg som ønskjer trygge rammer, rolegare omgjevnader, korte avstandar og natur rett utanfor døra, kan dette vere ein veldig god plass å lande.Stillinga er eit 100 % vikariat, med moglegheit for fast tilsetjing. Heimevakt er ein del av stillinga, og vi fortel deg gjerne konkret korleis ordninga fungerer før du bestemmer deg.👉Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi at du søkjer.Er du nysgjerrig, men ikkje heilt sikker enno? Ta gjerne kontakt med Beata Syska for ein uforpliktande prat.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores