About this role
Kvam brann og redning søkjer brannkonstabel til deltidsstyrka vår.Bakgrunnen for utlysinga er naturleg avgang frå deltidsstyrken. Me søkjer difor ein ny brannkonstabel til Norheimsund brannstasjon som ønskjer å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og vera ein del av den operative beredskapen i Kvam brann og redning.Me ser etter personar som har rett haldning, ønskjer å utvikla seg og vil vera med på å skapa ein trygg kvardag for innbyggjarane i Kvam. Erfaring frå brann- og redningsteneste er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode føresetnader for å gjennomføra nødvendig opplæring.Berre søkjarar som oppfyller krava til bustad, innsatstid og tilgjengelegheit kan tilsetjast.Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik. Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen