About this role
Austrheim vgs er skulen med høg trivselsfaktor og kjempegodt skulemiljø. Skulen ligg flott til i Mastrevikane i Austrheim kommune. Med andre ord, midt i Vestland fylke. Her er det gode relasjonar mellom elevar og tilsette, variert undervisning og særs godt arbeidsmiljø. Skulen har stort fokus på utviklingsarbeid, og er alltid modig og open i si tilnærming. Skulen har omlag 275 elevar fordelt på ulike yrkesfaglege utdanningsprogram og studiespesialisering.