About this role
Er du vår nye barne- og ungdomsbibliotekar?Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026.Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge!Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger, og vi jobbar aktivt saman med grunnskulane i kommunen i satsinga på skulebibliotek og leselyst.Som tilsett hos oss vert du ein del av eit aktivt kulturmiljø som består av operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule.