Now hiring

Juridisk rådgivar - HR @ Helse Fonna HF

HaugesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helse Fonna er på utkikk etter ein erfaren juridisk rådgivar til HR-området. Hos oss får du ei rolle med stor variasjon, faglege utfordringar og tett kontakt med leiarar på ulike nivå i organisasjonen. Du vil arbeide med arbeidsrettslege spørsmål, rådgiving, saksbehandling, partssamarbeid og utvikling av gode rutinar og prosessar.Som rådgivar bistår du leiarar i aktuelle saker, det kan vera alt frå konflikthandtering til undervisning. Når du treng nokon å sparra med står døra open hos kollegaene dine, og saman utgjer de eit godt praksisfellesskap der vi deler erfaringar, drøftar problemstillingar og lærer av kvarandre.Du vil møte mange ulike yrkesgrupper og problemstillingar, og relasjonsbygging blir ein viktig del av kvardagen. Rolla passar for deg som trivst med ansvar, variasjon og faglege vurderingar – og som klarer å stå støtt også når sakene er komplekse.Du blir utfordra i møte med ei rekke ulike yrkesgrupper, men tar det fint for nye kjennskap og relasjonsbygging fell naturleg for deg. Du vil få mange oppgåver og til tider ha det ganske travelt, tida vil fly, men det gjer den jo alltid i godt lag. I HR er vi omlag 30 engasjerte medarbeidarar inndelt i fagområda personal og organisasjon, utdanning- og kompetanse, HMS og bedriftshelseteneste og bemanningsløysingar/bemanningssenter. Vi yter eit breitt spekter av HR-tjenester til organisasjonen og er ein strategisk- og operativ støttespelar for føretaket si leiing, samt eit verkemiddel for at føretaket skal nå mål.Vil du bruke jussen tett på leiing, menneske og drift? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores