About this role
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Geiranger distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus. Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov.