About this role
Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane?Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk.Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling.Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk, frå mottak og registrering av prøvar til kvalitetssikring og koordinering av undersøkingar.Du er velkommen til å søkje hos oss.Oppstartsdato etter avtale.