About this role
Har du lyst til å jobbe i Helse og velferd, og prøve korleis det er å jobbe som pleiemedarbeider er dette kanskje noko for deg.Måløy Miljøteneste består av ambulante tenester og avlastningsbustad for barn og dagsenter for Måløy miljøteneste. Vi yter tenester som rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp. Brukarane har ulike behov, og vi har fokus på individuell tilrettelegging og brukermedverknad. I Måløy miljøteneste har vi fokus på eit best mogeleg arbeidsmiljø for våre medarbeidarar, og vi er opptatt av å utvikle tenesta i tråd med nasjonale føringar for morgondagens omsorg. Måløy heimetenenste har base på ICT med arbeidsområde frå fastlandet til Øya. Du vil få dyktige kollegaer med mykje kompetanse rundt deg. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjør tilleggsutdanning. Vi nyttar årstunus og kan tilby både to- og tredelt turnus, og dersom du kan tenkje deg å jobbe på fleire avdelingar - kan vi ordne det!. Vi har eit god arbeidsmiljø med stor takhøgde og avdelingane jobber godt i lag. Liker du spennende oppgaver, jobbe på eiga hand og i team, er dette jobben for deg.