About this role
Vil du vere med å forme framtidas psykiske helsetenester? Vi har no ledig stilling for spesialist i vaksenpsykiatri. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid. Du blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester innan psykisk helsevern.Det kan etter nærare avtale vurderast pendleravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstedeværelsesordning, innafor poliklinikken sitt behov.Om poliklinikkenPoliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlingstilbodet omfattar samtaleterapi (individuelt og i grupper), medikamentell behandling og oppfølging av pårørande. Vi har brei kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, mentaliseringsbasert terapi, gruppebehandling og medikamentell behandling.Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar, inkludert seks overlegestillingar. Verksemda er organisert i fleire team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som er lokalisert utanfor poliklinikken. Vi ønskjer å gå i dialog med deg som søkjer for å finne ei teamtilknyting og eit fagområde som samsvarar med dine interesser og kompetanse.Di rolle som overlegeSom overlege vil du ha ei nøkkelrolle i diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med samansette psykiske lidingar og avhengnadsproblematikk. Du vil bidra aktivt i tverrfaglege behandlingsmøte, samarbeide tett med andre faggrupper og vere ein viktig ressurs i kvalitetsforbetringsarbeid og utvikling av behandlingstilbodet. Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell er ein naturleg del av rolla, og du vil få moglegheit til å bidra i internundervisning og fagutvikling.Vi ønskjer å styrke kompetansen vår innan psykosebehandling, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av kombinerte rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du erfaring eller interesse for desse områda, er det eit stort pluss – men vi legg òg til rette for nødvendig opplæring og kompetanseheving. Tilsetting vil skje fortløpande.