About this role
Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS. Vikariatet gjeld for eitt år frå 1. september 2026.Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar. Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket. Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda: Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingarFordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandarAllmennpsykiatrisk poliklinikkValen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene: Akutt psykiatrisk post Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjelegDet siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna.Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt.Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!