Now hiring

Tannlege @ Vestland fylkeskommune

AskvollOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestland tannhelseteneste – Askvoll klinikkområde søkjer tannlege ved Askvoll tannklinikk med inntil 100% stilling. Til stillinga har vi gode økonomiske vilkår og moglegheit for fleksibel arbeidstid. Vi kan tilby:- fleksibel arbeidstid der du kan jobbe deg inn arbeidstid og ta lenger periodar med fri vil bli vurdert.- mogelegheit for ambulering til ambuleringsklinikk med gode økonomiske vilkår.- eit rekrutteringstillegg på 50 000 kr i året i tillegg til vanleg lønn. Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid. Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området. Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året. Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.Sletting av studiegjeld. Kvart år får yrkesaktive busett i Askvoll kommune sletta 25 000 kr frå studiegjelda si. Gjeld blir sletta kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt.Les meir om ordninga på Regjeringa.no.Askvoll har fleire daglege hurtigbåtavgangar til mellom anna Bergen og Selje. Reisetida til Bergen er om lag 2,5 timar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores