About this role
Vi søkjer ny kollega!Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger. Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!