Now hiring

Overlege i kardiologi / generell indremedisin @ Helse Fonna HF

OddaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe som kardiolog / generell indremedisiner ved eit lokalsjukehus med breitt klinisk ansvar, akuttfunksjon og korte vegar mellom fagfolka?Odda sjukehus er eit viktig sjukehus for innbyggjarane i Indre Hardanger. Her tek vi imot pasientar med både medisinske og kirurgiske problemstillingar, stabiliserer akutte tilstandar og sørgjer for rask og trygg behandling – anten pasienten skal behandlast hos oss eller vidare til eit større sjukehus.Som overlege i kardiologi / generell indremedisin blir du ein sentral del av eit erfarent og stabilt fagmiljø. Du får jobbe tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper, og du får ei rolle med både klinisk breidd, fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.Hos oss får du òg eit nært samarbeid med geriater med lang erfaring frå både sengepost og poliklinikk. Vi har poliklinikk, dagbehandling, dagkirurgi, radiologi, laboratorium, akuttmottak, operasjonsstover, anestesi, overvaking og sengepostar – alt samla i eit oversiktleg og tverrfagleg miljø.Vi håpar du vil søkje – og vi gler oss til å bli betre kjend med deg.Tiltreding etter avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores