Now hiring

Lege i spesialisering indremedisin @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering indremedisin. Vi har ledig vikariat i spesialiseringsløp innan indremedisin med tilsetjing frå 1.9., eller etter avtale. Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige. Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget! Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores