Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-timePosted 6 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt? Allmenn - og alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Sjukepleiar at Helse Møre og Romsdal HF | ResuMinder Jobs