About this role
Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar.Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.