About this role
Er du vår nye leiar i helse og omsorg?Me har ledig stilling som leiar for tenester til heimebuande. Pleie og omsorgstenesta i kommunen omfattar omlag 400 tilsette og er organisert i avdelingane: tenester til heimebuande, heildøgnstenester og tenester til menneske med utviklingshemming.Avdeling tenester til heimebuande har om lag 70 årsverk og yt pleie og omsorgstenester til heimebuande i heile kommunen. Avdelinga er organisert i gruppene:Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling ( korttidstilbod i institusjon) med 16 senger, inkl ØHD- tilbod ( øyeblikkeleg hjelp døgntilbod)Kvam heimetenesterDagaktivitetstilbod til eldreLeiar for tenester til heimebuande har det overordna ansvaret for tenestetilbodet i avdelinga og samarbeider tett med gruppeleiarane som har driftsansvar i kvar si gruppe. Kontorstad er på Toloheimen i Norheimsund. Leiar skal saman med gruppeleiarane og dei tilsette skapa omsorgstenester for framtida. Styrking av kompetanse og meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen i kommunen. Saman med dette er den statlege kvalitetsreforma "Bu trygt heime" retningsgjevande for innsatsen mot eit mer aldersvennleg samfunn innen aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng og overgangar i tenestene.Leiar for tenester til heimebuande samarbeider tett med dei andre leiarane i helse- og omsorg og deltek i helse og omsorgsjefen si leiargruppe.