About this role
Vil du vere med og vidareutvikle ein liten kommune med store ambisjonar?Nissedal kommune søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert organisasjonssjef. Stillinga skal bidra til å styrke leiing, samordning og organisasjonsutvikling i kommunen.Som organisasjonssjef vil du vere ein nøkkelperson i arbeidet med å utvikle gode strukturar, styrke leiarskap og sikre effektiv drift i ein organisasjon der kort veg frå idé til handling er eit stort fortrinn. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.