About this role
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt.