About this role
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre.Avdelinga held til i Noregs vakraste by - Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2025 svarte vi ut omlag 29 000 biopsiar, 17 000 cytologiprøver og gjennomførte 70 obduksjonar, i tillegg 25 rettslege obduksjonar.Avdelinga har i dag ansatt 4 overlegar, 1 konstituert overlege og 4 LIS. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.