About this role
Fjord1 har ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i ressursgruppe for samband i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord. Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Turnusordninga er sjøvaktsordning med 3 veker på og 3 veker fri som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidssted vert dekt. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil være ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.