Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar @ Stad kommune

NordfjordeidOnsiteFull-timePosted 1 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid. Vi ser etter deg som vil være fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, Operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Vi ser etter medarbeidarar som ynskje å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Barne- og ungdomsarbeidar at Stad kommune | ResuMinder Jobs