About this role
Vil du jobbe med menneske – og gjere ein forskjell i kvardagen?Sykkylven kommune treng dyktige og engasjerte tilkallingsvikarar i helse- og omsorgstenestene våre. Som vikar hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og sjansen til å utvikle deg i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø.Vi tek imot søknader fortløpande – og aktuelle kandidatar blir kontakta ved behov.Kvar kan du jobbe?Vi har behov for vikarar innan fleire einingar. Skriv i søknaden kva område du ønskjer å jobbe i:Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS)Sone 1 og 2BUAS institusjonKjøkkenKorttid / rehabiliteringNattHelsehuset Heimebasert omsorgNattpatruljeBu- og rehabiliteringstenesteneUraKlokkerhaugenBarne og avlastingsbustad Søkjer du på fleire område?Lag gjerne ei kort prioriteringsliste, slik at vi enklare finn det som passar best for deg.Arbeidstid og stillingsstorleikOppgi gjerne kva tider og periodar du kan jobbe. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil variere etter behov.PolitiattestDen som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.