Now hiring

Tannlege @ Vestland fylkeskommune

GaupneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me vil få to ledige tannlegestillingar på Gaupne tannklinikk frå sommaren 2026. Dette er ein tannklinikk med 3 behandlingskontor der det er budsjetert for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde og har tett samarbeid med Sogndal tannklinikk. Gaupne er ei triveleg bygd i Luster kommune, vakkert plassert inst i Sognefjorden. Her bur du midt mellom fjord og fjell, med Jotunheimen rett i nærleiken – eit eldorado for turar, ski, klatring og friluftsliv året rundt.Frå Gaupne er det kort veg til Sogndal, som er regionsenteret i Indre Sogn, med høgskulemiljø, kulturtilbod, butikkar og flyplass. Området gir gode moglegheiter for ein aktiv kvardag, samstundes som det er trygt og godt å bu.Dette er ein stad som passar svært godt for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med natur, ro og livskvalitet.Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores