Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

MoldeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på laget vårt?Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar.I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores