About this role
Vil du jobbe som tannlege i moderne omgjevnader, saman med dyktige og engasjerte kollegaer – og samtidig ha fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra?Sogndal tannklinikk har ledig fast stilling som tannlege, med oppstart etter avtale.👉 I sommar flyttar vi inn i heilt nye lokale – og dette er verkeleg noko å glede seg til! På den nye klinikken er det 10 behandlingsrom, heilt nytt utstyr og eit lunsjrom med nydeleg utsikt. Sogndal ligg vakkert til ved Sognefjorden og er eit naturleg regionsenter i Indre Sogn. Her får du:korte avstandar i kvardageneit levande lokalsamfunn med kultur- og idrettstilbodraske turar til fjell, fjord og bregode pendlarmoglegheiter i regionenEin perfekt stad for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med høg livskvalitet!Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.