About this role
Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar på dag/aften og 50 % stilling på natt, med arbeid kvar 3. helg.Nattevaktsstilling er delt mellom arbeid inne på institusjon og ute i nattpatruljen. Dette er ei varierande stilling med mange utfordringer.Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Ørskog omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har to sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.