About this role
Hauge oppvekst har ledig eit 50 % mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar på Hauge skule skuleåret 2026-2027. Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar.Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing. Inkluderande barnehage- og skulemiljø , psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.