About this role
Noklus Møre og Romsdal har ledig eit 50% vikariat frå 1. september 2026, eller etter avtale. Vikariatet er for seks månader, med moglegheit for forlenging. Noklus arbeider for at laboratorieundersøkingar blir rekvirert, utført og tolka korrekt og i samsvar med pasienten sitt behov for utgreiing, behandling og oppfølging.Sjå: https://www.noklus.no/Noklus Ålesund og Molde er organisatorisk tilknytta Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i helseføretaket. Kontorstad for stillinga vil vere Hjelset, alternativt Ålesund, etter avtale. Vitnemål og attestar/tenestebevis må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.