Now hiring

Helsesjukepleiar i Selje @ Stad kommune

SeljeOnsiteFull-timePosted 1 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Ledig vikariat 100% stilling som helsesjukepleiar i SeljeEin av våre tilsette skal avvikle permisjon frå 17. november 2026. Vi ønskjer om mogleg oppstart før dette tidspunktet, for å sikre ei god overlapping. Vikariatet gjeld i første omgang fram til 07.09.2027, truleg med forlenging. Stad kommune har helsestasjonslokale både i Selje og på Nordfjordeid, med felles leiing. Helsestasjonen har åtte årsverk for helsesjukepleiar. To er tilsette i Selje og seks på Nordfjordeid. Jordmorressursen vår er på God Start i Helse Førde sine lokale. Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen og vi har eit nært tverrfagleg samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge.Helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er organisert i eininga for helse saman med jordmortenestefysio- og ergoterapitenestahelseteknologiFrisklivssentralen legetenestaI denne stillinga i Selje vil du arbeide både med helsestasjon og skulehelseteneste opp til 10. klasse. Helsestasjon for ungdom og vidaregåande skule er lokalisert på Nordfjordeid.Stad kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, vi arbeider etter BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats), der helsestasjonen har ei sentral rolle.Som helsesjukepleiar arbeider du med helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. Du samarbeider tett med føresette og med andre faggrupper, og er ein viktig bidragsytar i kommunen sitt folkehelsearbeidVi ønskjer oss ein medarbeidar som er:engasjert og fagleg interessertmotivert for arbeid med barn og ungegod på samarbeid og relasjonsbyggingHos oss får du:eit godt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenestervarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåvermoglegheit til å bidra i utvikling av tenestene

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Helsesjukepleiar i Selje at Stad kommune | ResuMinder Jobs