Now hiring

Sjukepleiarstudent på 2. året? @ HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme. 🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern. 💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje. Kva går jobben ut på? Hos oss får du mellom anna: ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag Kvalifikasjonar Du er 2. års sjukepleiarstudent. Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk tek ansvar og er sjølvstendig er nysgjerrig og liker å lære Kvifor skal du velje oss? Jo, for hos oss får du: Lønn, stipend og praksis i ett. Verdifull erfaring. Tilhørighet i eit fagleg miljø. Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGunvor Line Steinsland, HR rådgivar, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 Odda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5136047356 Stillingsprosent: 0% Vikariat Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores