About this role
Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat 01.09.26 - 28.02.27 ved DPS Kristiansund poliklinikk. Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. LIS jobbar sjølvstendig med eigne utgreiing og behandlingsforløp. Det gis vekentleg rettleiing av spesialist i psykiatri i tillegg til fortløpande drøftingsmoglegheit. LIS er tilknytta eit team med tverrfagleg kompetanse der ein møtast vekentleg til drøftingar. Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast. For LIS3 er det ei rotasjonsordning med dei ulike seksjonane i Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktordning for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset, men LIS3 i Kristiansund kan velge å ikkje delta i vaktordninga under tenesta i Kristiansund. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga. Oppstart 01.09.26 eller etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan også søkje midlertidig stilling Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar Du er pasientorientert Du har gode samarbeidsevner Du kommuniserar godt både internt og eksternt Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Ei god spesialistutdanning i psykiatri! Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonGeir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, [email protected] ArbeidsstadHagan 9 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5141571464 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal