Now hiring

Seksjonsleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF DPS NORDMØRE/ROMSDAL POLIKLINIKK KRISTIANSUND

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønsker du ein spennande leiarjobb? Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg! Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er ledig frå 01.09.2026. Klinikk for psykisk helse og rus består av 6 avdelingar og 33 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein av 4 seksjonar i Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i området. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar. Arbeidsoppgåver Driftsansvar for seksjonen som inneber økonomi-, personal- og fagleg ansvar Ansvar for at seksjonen vert driven i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar Ansvar for seksjonen sitt kvalitets- og forbetringsarbeid Fagansvar og fokus på fagutvikling Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling Bidra til å vidareutvikle seksjonen, men også avdelinga Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat Ein del av avdelinga si leiargruppe Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykologspesialist eller lege med norsk spesialistgodkjenning i psykiatri Kandidatar som nærmar seg ferdig spesialistutdanning, kan også bli vurderte Ved mangel på kvalifiserte søkjarar med spesialistkompetanse, vil kandidatar med bachelorgrad innan helse- og sosialfag, kombinert med relevant vidareutdanning og erfaring, kunne bli vurderte Ønskeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helse frå både spesialist- og primærhelsetenesten Ønskeleg med leiarerfaring og/eller erfaring med oppstart av nye tilbod Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy Førarkort Personlege eigenskapar Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling Du har evne og vilje til å måle resultat, evaluere og korrigere Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du er fleksibel og løysingsorientert Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling Deltaking i avdelinga si leiargruppe Løn etter gjeldande overeinskomstar Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Triveleg arbeidsmiljø Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonTor Nygaard, Avdelingssjef, [email protected] ArbeidsstadHagan 9 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5142640600 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores