About this role
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg. Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi. Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar. Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid. Arbeidsoppgåver Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette Utarbeiding og oppdatering av aktuelle prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar Delta i den daglege drifta Kontaktperson opp mot leverandørar Bestilling/handtering av utstyr Andre oppgåver kan også vere aktuelle Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Spesialutdanning innan fagfeltet operasjon Interesse for fag og fagutvikling God IKT kompetanse Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du kommuniserer og samarbeider godt med andre Du arbeider strukturert og målretta Du er intressert i faglege prosjekt Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god Du er serviceinnstilt og løysingsorientert Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsvilkår Eige program for nytilsette Store faglege utfordringar Dyktige medarbeidarar Aktivt miljø Lønn etter tariff Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5119071933 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.