Now hiring

Spanande stilling fordelt mellom Gnisten og Sandeid bufellesskap @ VINDAFJORD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Norway (NO0A1)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me har no ledig eit omlag 100% vikariat i perioden 15.08 til 31.12.2026 med moglegheit for forlenging. Stillinga er fordelt mellom Gnisten arbeids og aktivitetssenter og Sandeid bufellesskap. Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa. Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet. Kva får du jobba med hos oss? Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov. Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar Arbeidet er turnus kombinert med ordinære dagvakter på Gnisten og kveld/langvakter ved Sandeid bufellesskap. Arbeid kvar tredje helg med langvakter. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma! Gratis parkering Kvalifikasjonar: Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast og til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Førarkort Personlege eigenskapar: Evne til samarbeid Evne til å ta imot og gje rettleiing Evne til refleksjon Evne til å arbeide sjølvstendig Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass Fleksibilitet Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores