Now hiring

Vi søker kokk @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stilling: 100% fast stilling som kokk frå 01.09.2026 eller etter avtale Matforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter. Vi produserar og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane. Plassering stilling: Matforsyning Førde sentralsjukehus Arbeidsoppgåver Tilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde Det er mottakskjøkken i sengepostane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak. Tilsett må kunne tilegne seg nødvendig IT-verktøy/programvarer Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiar Arbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg om ikkje anna vert avtalt. Kvalifikasjonar Fagbrev frå institusjon eller hotell Erfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandling It-kompetanse, men opplæring vil bli gitt Søkjar må beherske norsk godt, både skriftlig og munnleg. Personlege eigenskapar Må like å arbeide både aleine og i større gruppe Kunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen. I ein travel arbeidskvardag, vil god fysikk være til god hjelp Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Regelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig moment Årsturnus Sosiale hendingar - store og små Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonFrode Andre Devig, Ass. kjøkkensjef, 95141672, [email protected] Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5145246977 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores