About this role
Heimetenesta er ei eining under sektor for Helse og omsorg. Heimetenesta har ansvar for tenestene til heimebuande brukarar i kommunen, samt omsorgsbustadar ved Haugetun, Sørhagen, Fjordro og Utsikta. Frå 01. juli har vi ledig 80,30 % fast stilling på natt og søker etter engasjert medarbeider. Stillinga har arbeid 2 eller 3 helgar på seks veker. Vi har eit tett samarbeid med sjukeheimen og sjukepleiar på natt har ansvar både for heimetenesta og sjukeheimen. Heimetenesta har 31,57 årverk og eit godt arbeidsmiljø. Vi ønsker deg som skapar tryggleik og tillit både med pasientane og kollegaer. Arbeidsoppgåver utføre sjukepleiefaglege prosedyrer og oppgåver sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav til god sjukepleie ta del i arbeidet inn mot Livsglede for eldre ta initiativ til å bistå med utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle målsetjingar for pasientane planlegge og gjennomføre behandlingsforløp som gjeld for pasientane på natt samordne natt-tenesta, og samarbeide med dei tilsette på sjukeheimen Kvalifikasjonar autorisasjon som sjukepleiar kan jobbe sjølvstendig og i team, og ta ansvar kan bruke IKT som arbeidsverktøy førarkort klasse B Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding. Personlege eigenskapar inkluderande, handlekraftig og påliteleg tek initiativ og har gjennomføringsevne ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjersler basert på fagleg kompetanse god til å samarbeide, kommunisere og bygge relasjon til brukarar og kollega positiv og medverka til eit godt arbeidsmiljø oppteken av tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar, tenestenivå og forvaltningsnivå personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode pensjon- og forsikringsordningar IA-bedrift utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver godt arbeidsmiljø Ein arbeidsgjevar som prioriteter kommunikasjon, digitale ferdigheiter, tverrfagleg laginnsats og eit utvida samfunnsansvar. Kontaktinformasjon Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965 Arbeidsstad Presegardsvegen 31 6084 Larsnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sande kommune Referansenr.: 5146585926 Stillingsprosent: 81% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.