About this role
Heimetenesta i Sande kommune har ledig stilling som helsefagarbeidar med oppstart 01.06.2026. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre får trygge og faglege gode tenester i eigen heim. Heimetenesta arbeider målretta for å sikre heilskaplege, bærekraftige og framtidsretta tenester til alle som treng det. Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til heimebuande brukarar og til bebuarar i omsorgsbustadar. Vi legg vi stor vekt på nærleik, samarbeid og gode relasjonar – både mellom tenestene, mellom tilsette og ikkje minst til brukarane våre. Arbeidet er variert og kvardagen styrast av behova til dei pasientane som til ei kvar tid mottek tenester. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på omsorg og høg fagleg kvalitet. Stillinga inneber for tida todelt turnus og arbeid to helger i løpet av ein seksvekarsperiode. Arbeidsoppgåver Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i heimebaserte tenester og ved bufellesskap/omsorgsbustader Sikre pleie og omsorg til brukarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk, kommunale retningslinjer og fagleg god praksis Medverke til aktivitet, trivsel og sosial deltaking for pasientar og brukarar Dokumentere i fagprogram etter gjeldande lovverk og interne retningslinjer Ta initiativ og bidra aktivt i utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle målsetjingar for pasientane Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk Førarkort klasse B Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel Lærlingar som er i sluttfasen av læretida vert oppmoda om å søkje Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart Personlege eigenskapar Evne og lyst til å etablere gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter, med ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og ansvarleg – både i team og åleine Ansvarsbevisst og løysingsorientert Motivert, serviceinnstilt og fleksibel Gode datakunnskapar Personlege eigenskapar vert vektlagde Vi tilbyr Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver Fagleg utvikling i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Fleksible turnusar Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtale, lovverk og interne retningslinjer Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi bed om at du oppgir referansar i søknaden din. KontaktinformasjonKari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965 ArbeidsstadPresegardsvegen 31 6084 Larsnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sande kommune Referansenr.: 5140582111 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.