Now hiring

Øygarden kultrskule @ ØYGARDEN KULTURSKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å skape musikkglede og læring for barn og unge? Då er vi interesserte i å jobbe med deg. Vi søkjer ein kreativ og engasjert pianolærar i 60 % fast stilling. Undervisninga omfattar både individuelle timar og gruppeundervisning, med rom for samspel og utvikling. Arbeidsoppgåver Undervisning i piano for elevar på ulike nivå, både individuelt og i grupper Planlegging og gjennomføring av undervisning som fremjar utvikling, meistring og speleglede Oppfølging av elevar og kommunikasjon med føresette Deltaking i konsertar, framsyningar og andre arrangement Bidra til tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid internt i kulturskulen Bidra til utvikling av fagtilbodet og pedagogisk utviklingsarbeid i kulturskulen Bidra til eit inkluderande og raust arbeidsmiljø. Reising mellom undervisningsstadene må påreknas Kvalifikasjonar Må ha: Relevant høgare musikkutdanning med hovudinstrument piano Pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning. Brei musikalsk kompetanse og evne til å undervise i ulike sjangrar Dokumentert realkompetanse kan i særskilte tilfelle erstatta formell kompetanse Førarkort klasse B. Ønskjeleg med: Erfaring med og interesse for gruppeundervisning er ein fordel Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg og inspirerande lærar som skaper gode relasjonar til elevar Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne Du har engasjement for barn og unge si kunstnariske utvikling Du er fleksibel og positiv til samarbeid på tvers av fag Du er utviklingsorientert og open for nye arbeidsformer, inkludert gruppeundervisning Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr: Eigen arbeidsplass med tilgang til øvingsrom på Liljevatnet. Tenestebil ved behov. Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt Benjamin Hogstad – rektor Øygarden kulturskule E-post: [email protected] Mobil: 926 21 887 Kjartan Fjordheim – inspektør Øygarden kulturskule E-post: [email protected] Mobil: 472 40 152 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kulturskule tilbyr undervisning i musikk, teater, dans, visuell kunst, film og fleire andre kunstfag. Undervisninga skjer både på Liljevatnet og på fleire skular rundt om i kommunen. Tilbodet er ope for alle innbyggjarar, med hovudvekt på barn og unge frå 0–20 år. Kulturskulen samarbeider tett med grunnskular og barnehagar, har musikkterapitilbod på fleire institusjonar og står også ansvarleg for Den kulturelle skulesekken i Øygarden. Målet er å gi elevar høve til å utvikle kunstnariske evner, utforske nye interesser og byggje fellesskap gjennom kreative aktivitetar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores