Now hiring

Innbyggjartorg og bibliotek @ ØYGARDEN KULTURSKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga: Øygarden innbyggartorg og bibliotek er eit samanslått tenestetilbod der vi fungerer som førstelina til kommunen, i tillegg til å vera den eine døra inn til båe politisk og administrativ leiing. Vi har ansvar for direkte kontakt med innbyggarane, datahjelp med offentlege instansar sine skjema, postmottak, enkel rettleiing i kommunale tenester, og mykje anna. I tillegg har vi ansvaret for å driva kommunen sitt sentralbord. Er du ein person som likar variable oppgåver, kontakt med ulike menneske, og har lyst til å vera med på å hjelpa innbyggarane våre med å finna fram i kommunal forvaltning? Har du lyst til å ha arbeidsplassen din (hovudsakleg) på vakre Rong, nord i Øygarden? Er du klar for nye utfordringar i ein kommune i spanande utvikling? Då er dette jobben for deg! Arbeidsoppgåver: Sentralbordarbeid Brukarrettleiing Informasjonsarbeid Kvalifikasjonar: Må ha: Høg digital kompetanse (må kunne rettleia andre i kommunale- og statlege skjema) Særs gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk (og gjerne fleire språk) Sertifikat på bil og disponere eigen bil Gode samarbeidsevner Ønskjeleg med: Erfaring frå service, rettleiing, publikumsarbeid, eller kommunal forvaltning Relevant utdanning, t.d. sal og service, administrasjon, bibliotek, samfunnsfag, eller tilsvarande Eigenskapar: Serviceinnstilt og løysingsorientert Ynskjeleg med kunnskap om Øygardssamfunnet Fagleg nysgjerrigheit Anna: Stillinga er lagt til lokala våre på Rong, med noko tid på Straume. Det vil difor vera naudsynt at du har sertifikat og disponerer eigen bil. Utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist. Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt Yngvild Marie K. Wiese [email protected] tel. 47461611 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores