About this role
Bø skule søkjer etter flinke og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss. Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelege barn og unge, og kollegaer, send oss ein søknad i dag. Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår. Arbeidsoppgåver Ha ansvar for ei klasse eller enkeltelevar Ha ansvar for elevar på SFO og i friminutt Ha ansvar for elevar som treng ekstra tilrettelegging Kvalifikasjonar Ønska kompetanse Lærarutdanning er ønskjeleg, men vi søker også lærarstudentar og barne- og ungdomsarbeidar/assistentar Erfaring med barn og ungdom er ønskjeleg Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar God på relasjonsbygging Tydeleg på leiing i klasserommet Evner til å skape eit godt læringsmiljø Gode pedagogiske kunnskapar Fleksibel og med gode samarbeidsevner Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonRuth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024 ArbeidsstadGamleveg 71 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5146778121 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.