About this role
Bø skule søkjer ein engasjert og fagleg sterk spesialpedagog som ønskjer å gjere ein forskjell! Frå 1. august 2026 har vi ledig ei spennande stilling der du får vere med og utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre. Bø skule er ein barneskule med 440 elevar og 70 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid, kontinuerleg framgang og omsorg. Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning, munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Arbeidsoppgåver Skrive IOP og IODP Planlegge og gjennomføre undervisning knyttet til sosiale planer Arbeide med atferdsproblematikk Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Spesialpedagog med bachelor Ved tilsetting vektleggast kvalifikasjonsprinsippet, det vil si; utdanning, praksis og personlege eigenskapar Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling Tilsetjingsvilkår Stillinga følgjer kommunale arbeidstidsordningar og ikkje læraråret Personlege eigenskapar God på lavaffektiv tilnærming Ser barnet bak atferden Liker å leke med barn Løsningsorientert God til å jobbe i team Samarbeider godt med eksterne samarbeidspartnarar Fleksibel i skulekvardagen Personlege eigenskapar vektleggast Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonRuth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024 ArbeidsstadGamleveg 71 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5146801802 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 07.07.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.