About this role
Høyanger skule har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/vernepleiar frå 01.08.26. Stillinga er i hovudsak øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, og andre elevretta tiltak for elevar med særskilde behov. Arbeidsoppgåver: • Støtte i og utanfor undervisningssituasjon • Samarbeid med lærarar/team og skulen sine samarbeidspartar (PPT, helse) Kvalifikasjonar: • Høgare utdanning frå høgskule/universitet innan relevante fagområde, t.d pedagog (sosial-, barneverns- eller spesialpedagog), vernepleiar, sosionom. Helsefagleg høgskulebakgrunn retta mot arbeid med barn og unge er også ønskjeleg. • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar, og/eller kan ta på seg naudsynt opplæring. Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt: • Gode kommunikasjonsevner • Evne til å skape gode relasjonar • Sjølvstendig og trygg • Engasjert og utadvendt • Fleksibel og samarbeidsvillig • Systematisk og ryddig Vi tilbyr: • Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt • Høve til kompetanseutvikling • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”. • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Hjelp til å skaffe kommunal bustad Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Kvifor Høyanger? • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.