Now hiring

Spesialpedagog/lærar/logoped @ HØYANGER SKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå 01.08.26. Stillinga er øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, med behov for tilrettelagt undervisning. Kvalifikasjonar: • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen. Eventuelt logoped med undervisningskompetanse i grunnskulen. • Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar, og kan teiknspråk og/eller teikn til tale. • Det er nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, samt grunnleggjande matematikk. • Erfaring med arbeid med flyktningar er ein fordel. Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt : • Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter • God relasjonskompetanse • Positivitet • Fagleg engasjement • Fleksibilitet • Gode samarbeidsevner Vi tilbyr: • Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt • Høve til kompetanseutvikling • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”. • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Hjelp til å skaffe kommunal bustad Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Kvifor Høyanger? • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores