Now hiring

Helsefagarbeider/hjelpepleier @ HJEMMETJENESTER MIDT-TELEMARK KOMMUNE

Norway (NO094)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag? Heimetenesta har for tida tre ledige stillingar som helsefagarbeidar. I heimetenesta jobbar ein både ute på bygda i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me fleire team som arbeider målretta med prinsippet «kva er viktig for deg» innan ulike fagområde som demens, sårbehandling, kreftomsorg, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet gir tett oppfølging til pasientar som i periodar treng ekstra støtte for å meistre kvardagen på eiga hand. Sjølv om me er delt inn i soner, er me éi samla avdeling som samarbeider tett. I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte av høg takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen. Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta – både for tilsette og pasientar. Avdelinga har årsturnus, og du får høve til å påverke eigen arbeidsplan i stor grad. Arbeidsoppgåver Helsetenester og oppfylging av pasientar Samarbeid med pårørande Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor Dokumentasjon Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleier eller mål om å utdanne seg til helsefagarbeider. Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå Førerkort klasse B Ønska kompetanse Erfaring frå helseteneste God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er strukturerte og løysningsorientera Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling, samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø ersonelge eigenskapar vektlegast. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonElisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302 ArbeidsstadGamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5147222624 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores